Bjørn West Marsjen 2018

Årets Bjørn West Marsj går 19. august - Kort og lang løype. Det vert minnetale ved Stordalen Fjellstove kl 16.

Den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen går frå Litlematrestølen til Stordalen. Dette er ein god tur på ca. 15 kilometer. Den korte løypa går i “Bjørn West-området” frå Nystølen på Sognesida sørover til Stordalen Fjellstove, og den er ca. 6 km. Turen følgjer T-merka sti i flatt, lett terreng, med ei bratt nedstigning til Stordalen fjellstove. Den nye korte løypa bringar eit anna perspektiv inn, og dei to marsjane utfyller derfor kvarandre godt i forhold til minnemarkering over dei krigshandlingar som fann stad. Begge løypene har same innkomst ved Stordalen Fjellstove, og arrangementa i etterkant er felles for alle marsj-deltakarane.

Bjørn West-marsjen vert arrangert som et samarbeidsprosjekt mellom foreininga Bjørn West, Bergenhus heimeverndistrikt 09 og Masfjorden kommune, samt Bjørn West-museets venner, Ytre Sogn turlag,  Nordhordland turlag, Bjørn West IL, Risnes IL, Fjon UIL og Nordhordland Røde Kors. Begge turane blir premiert likt med diplom og T-skjorte.

Praktisk informasjon

Bjørn West-marsjen går nest siste søndag i august kvart år, og vert i 2018 arrangert søndag 19. august, for 36. året på rad.

Bjørn West-marsjen lang – Frå Litlematrestølen.

Påmelding frå kl 07.00 til 10.00 ved BKK sitt anlegg på Matre, like ved E39, 85 km frå Bergen og 25 km frå Oppedal. Det er god plass til parkering på staden. Det er også mogleg å komme til Matre med ekspressbuss. Frå Bergen avgang frå Nonneseterterminalen på Bystasjon kl. 08.00.

Frå Matre vert deltakarane transporterte med buss opp mot Litlematrestølen, som er startstad. Det vil gå kontinuerleg bussar mellom kl. 07.00 og 10.00.

Etter innkomst ved Stordalen Fjellstove går det bussar frå Stordalen til Matre. Frå Matre går det ekspressbuss til Bergen kl. 16.40, 18.45 og 20.10. Mot Sogn går det ekspressbuss 15.55, 17.55 og 21.25.

Bjørn West-marsjen kort – Frå Nystølen.

Påmelding i Stordalen ved parkeringsplassen ved NAF-camping mellom kl 09.30 og 12.00. Ein kan parkera her, eller parkere på Matre og følgja med bussen frå Matre i tida kl 09.30 – 11.00. Etter påmelding er det felles transport til Nystølen mellom kl 10.00 og 12.00. Det vert derfor ikkje mogleg med direkte oppmøte eller på påmelding på Nystølen.

For dei som ynskjer å gå fellestur med turleiarar, er det start frå Nystølen kl. 10.30 og kl 11.30.

Deltakarane i kort løype kan nytta same bussamband frå og til Bergen som nemnt under ”Lange løype”. Frå Sogn kan også ekspressbuss med ankomst Matre kl 10.40 nyttast.

Felles for alle deltakarane i Bjørn West marsjen

Deltakaravgift ved førehandspåmelding er kr 250,- for vaksne og kr 75,- for born (fødd 2001 og seinare), (deltakaravgift, busstransport T/R og premiering).
Påmelding ved start h.h.v. kr. 300,- og kr. 100,-

Høve til førehandspåmelding t.o.m. 12. august: 

Deltakarane vert oppmoda om å kle seg fornuftig - spesielt er godt fottøy viktig.

Dersom det vert regn, kan det vere glatt å gå i dei brattaste partia. Røde Kors stiller med sanitetspersonell langs rutene. Arrangør gjer merksam på at alle deltar på eige ansvar.

For dei som har gått marsjen tidligare er det mogeleg å kvalifisere seg til merker og statuettar.

Betal med kontantar, ikkje kort. - Vel møtt til ein fjelltur i Bjørn West sine fotefar.

Middag og anna mat serveres heile dagen på Stordalen Fjellstove.

Kontakt

Deltakaravgift ved førehandspåmelding er kr 250,- for vaksne og kr 75,- for bor

Kontaktperson: Birger Wergeland - E-post:  birwerg@gmail.com

Tlf. 41 27 42 58 dagtid 

 Tekst: Rådet for Bjørn West-museet