STORDALEN OG BJØRN WEST – HISTORISK RUNDTUR

Ein flott dagsutflukt er rundturen med buss til Stordalen nord for Bergen. Første stopp er på Bjørn West Museet i Matre med guida omvising. Herfrå følgjer du i Bjørn West sine fotspor innover den dramatiske Matresdalen med mykje historie før du kjem til fjells. (Stikkord: Matrehola, Stegane, Kringlebotn, mm.)
På Stordalen Fjellstove vert det servert lunsj eller middag med heimelaga mat basert på norske mat tradisjonar.

Frå Stordalen kan du returnere via Matre, men me rår til å ta rundturen via spektakulær natur ned til Bjordal og Sognefjorden. Du må få med deg eit besøk på Massnes Villmarksmuseum. Eit personleg og gjevande museum. Så går turen vidare til Oppedal. Kjem du nordfrå tar du ferja til Lavik. Kjem du sørfrå, er det eit spanande alternativ og prøve kabelferga over til Masfjordnes.

Fleire detaljar finn du her:

http://www.stordalenfjellstove.no/rundtur-i-stordalen-med-bjorn-west-museet