Våre utstillingar

Geriljabasen Bjørn West

Historia om Bjørn West er dramatisk, interessant, og spennande norsk krigshistorie som det er museet si oppgåve å ta vare på og formidla til nye generasjonar

Museet har ei fin samling autentiske våpen, utstyr, og personlege effektar, mellom anna utstyret til basesjefen, kaptein Harald Risnes, til nestkommanderande, løytnant Fredrik Kayser, som mellom anna var med på tungtvannsaksjonen på Rjukan. Med i utstillinga er også utstyret til presten Roal Hedegård Jacobsen og uniforma til flykaptein, seinare stortingspresident Per Hysing-Dahl. Det var Hysing-Dahl som natt til 3. mai 1945 droppa dei siste forsyningane over Bjørn West-basen. Ved hjelp av bilete, biletspel, tekst, film og intervju med nokre av dei som var med, får ein innblikk i avdelinga sin kvardag og krig.

Museet prøver elles å informera om dei tilhøva soldatane levde under, om utruleg slit med å få fram forsyningar, om snøstormar, kulde, regn og mangel, om problematisk innkvartering, godt kameratskap og imponerande kampmoral.