Bjørn West sitt offer skal ikkje gløymast
På Matre der Bjørn West-museet ligg er det ekstra grunn til å markera dagen. Her vart alle menn i bygda arrestert og mange sendt til Espeland fangeleir. For å trua resten av bygda byrja tyske kommandanten å brenna hus og trua med ei nytt Telavåg. Alt dette som hemn for store tyske tap mot Bjørn West i Matrefjella.
Me skal heller ikkje gløyma at i over to år var det 200 krigsfangar frå det tidlegare Sovjet på Matre. Dei levde under grufulle tilhøve som slavar for tysk sanduttak. Fire av dei vart avretta her på Matre (to frå Russland og to frå Ukraina)
For oss på Bjørn West-museet vil me særskilt minnast dei seks Bjørn West-soldatane som vart drepne då store tyske styrkar gjekk til angrep på Bjørn West-basen i Stordalen.
Me sender også ein tanke til alle som overlevde kampane her, dei var og villige til å ofra alt - både i Noreg og på havet. For dei, som for mange seinare krigsveteranar, er ofte den einsame tida etter krigshandlingane like utfordrande for en einskilde.
På denne dagen heidrar me også minne etter Torgeir Stordal som brutalt var henretta i sin eigen heim i Stordalen 5. mai. Dette for ingen annan grunn enn tysk hemn for at Bjørn West la hovudkvarteret til Stordalen.
8. mai handlar om kunnskap om historia, kunnskap om kva som gjekk galt – og kvifor det gjekk galt.
Dette var viktig for mellom anna veteranane Fredrik Kayser og Joackim Rønneberg. For å læra – må me vita.
Ta vare på kvarandre i dag og ta vare på verdiane me vann attende i 1945.
Dei fire siste åra har krigen igjen herja i delar av Europa. Dei verdiane me vann attende i 1945 er på ny trua av ein diktator med stormaktstankar og vilje og ønskje om å setja til side dei grunnleggande verdiane vårt samfunn er tufta på. Me ser også at viktige demokratiske verdiar no vert utfordra av ein av våre nære allierte.
Dette krev vilje og evne hjå oss alle til å stå opp mot dette trugsmålet – både intellektuelt og gjennom å ha eit sterkt og truverdig forsvar – både i eige land og saman med våre allierte. Dette for å visa at me er viljuge til å forsvara vårt demokrati og våre verdiar.
I dag minnast me – og heidrar dei menn og kvinner som gjennom handling har stått opp for fridom og demokrati.
- 1/1