Bjørn West Marsjen 2024
Sundag 18. august vert det igjen arrangert Bjørn West-marsj i Matrefjella. Rådet for Bjørn West-marsjen er glad for å kunne ønskja velkomen til Bjørn West- marsj nr. 42.
Her kan du vandra i fotspora til dei 259 ungdomane som kjempa for fridom under barske tilhøve i denne vakre fjellheimen. Den tradisjonsrike turmarsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh. Den er til minne om motstandsgruppa Bjørn West som kjempa her på slutten av andre verdskrigen.
Du kan velja mellom kort og lang løype. Båe alternativa går gjennom områda der motstandsgruppa Bjørn West kjempa harde kampar mot dei tyske troppane som kom opp frå Matre og/eller Bjordal/Førde. Same kva alternativ du vel, så vert du teken godt i mot ved målgang ved Stordalen fjellstove.Her får du sjølvsagt kjøpt middag m.m.
Premiering:
Alle som går marsjen får ei t-skjorte. I tillegg vert det premiering etter tal år du har gått. Nytt i år: Det vert trekt ut ein del premiar på startnummer.
Pris: kr 300,- for vaksne og kr 100,- for born (født etter 2008) som inkluderer naudsynt busstransport og premiering. PÅMELDING
LANG LØYPE: Bjørn West-marsjen Lang (15 km) startar på Matre med registrering, og bussavgang mellom kl. 07.00 og 09.30 til Godbotn med marsj forbi Litlematrestølen til Stordalen Fjellstove.
KORT LØYPE: Bjørn West-marsjen Kort (6 km) startar i Stordalen (på parkering ved NAF) med registrering og bussavgang mellom kl. 10.30 og 12.00 til Nystølen i Sogn med marsj til Stordalen Fjellstove.
MINNESTUND VED STORDALEN FJELLSTOVE:
Kl. 14.15: Konsert med folkemusikktrioen Mjøs/ Sørheim/ Wolski.
Kl. 1515 Friluftsgudteneste med Sokneprest i Masfjorden - Torbjørn Sæle.
Kl. 16.00 Minnesermoni over dei falne i Bjørn West. Her vert det kransnedlegging og minnetale ved Sjef Heimevernet - generalmajor Frode Ommundsen.
KVAR: Matre i Masfjorden ca. 1 t nord for Bergen.
Parkering ved Matre skule, Matre.
Det er mogeleg å nytta ekspressbuss frå Bergen kl. 08.00.
Stordalen ligg i Stølsheimen, 20 min frå Matre.
Me ønskjer at flest mogeleg melder seg på førehand, fristen er laurdag 17. august kl. 15.00.
Det vert mogeleg å melda seg på sjølve marsjdagen ved betaling via vipps, men då vil startkontingenten vera kr. 400 for vaksne (born kr. 100 som for ordinær påmelding)
Me vonar å sjå deg i Stordalen