I år er det 80 år sidan 2. verdskrigen tok slutt, og søndag 24. august går den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen for 43. gang.
Marsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh til minne om motstandsgruppa Bjørn West som heldt til i Masfjordfjella siste del av krigen.Du kan velge mellom lang og kort løype.
Lang løype: Bjørn West-marsjen lang løype (15 km) startar på Matre med registrering og bussavgang mellom kl. 07.00 og 09.30 til Godbotn med marsj forbi Litlematrestølen, via Kringlebotn - til Stordalen Fjellstove. Parkering ved Matre skule.
Kort løype: Bjørn West-marsjen kort løype (6 km) startar i Stordalen ved NAF hytta med registrering og bussavgang mellom kl. 10.00 og 11.30 til Nystølen i Sogn med marsj til Stordalen Fjellstove.
Parkering ved NAF campingen.https://www.letsreg.com/.../bjorn_west-marsjen_2025...
Kvar: Matre i Masfjorden ca. 1 t nord for Bergen, og ca. 2 t sør for Førde. Muligheit for å nytte ekspressbuss frå Bergen kl. 08.00.
Stordalen ligg i Stølsheimen, 20 min fra Matre.
Pris påmelding: kr 350,- for vaksne og kr 100,- for born (født etter 2009) som inkluderar naudsynt busstransport og premiering.
Vi ynskjer at flest mogeleg melder seg på på førehand, fristen er lørdag 23. august kl. 17.00.Det kjem til å bli høve til å melde seg på sjølve dagen med betaling via vipps, men då stig prisen til kr 450,- for vaksen.NB! Det blir trekt ut ulike premiar til førehandspåmeldte deltakarar, så meld deg på!
Minnesermoni: Kl. 14.15 vert det kulturinnslag ved Stordalen Fjellstove og etterpå vert det friluftsgudteneste med Torbjørn Sæle.
Kl. 16.00 vert det minnetale over dei falne i Bjørn West av ordførar Erlend Kvamsdal.
Du er sjøvsagt hjarteleg velkomen til arrangementet ved Stordalen fjellstove sjølv om du ikkje går marsjen.Det vert også servert middag og smårettar på Stordalen Fjellstove.
Velkomen
Påmelding er opna på følgjande link:https://www.letsreg.com/.../bjorn_west-marsjen_2025...
Meir info finn du på:www.bjornwest.nohttps://www.facebook.com/bjornwestmarsjen
Nordhordland Røde Kors kjem til å vere på plass i begge løypene, men alle går på eige ansvar.Hugs å kle deg etter været og ta med rikeleg med mat og drikke.
- 1/2
Oversikt over Matre og Matrefjorden. Arnold Matre - 2/2
Masfjorden Sogelag har satt opp skilt i Matrefjella som fortel om hendingane. Dette viser kor Arne Lampe vart felt. I traseen for Bjørn West-marsjen. Arnold Matre