Årets Bjørn West Marsj går 18. august - Kort og lang løype. Det vert minnetale ved Stordalen Fjellstove kl 16.
Den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen går frå Litlematrestølen til Stordalen. Dette er ein god tur på ca. 15 kilometer. Den korte løypa går i “Bjørn West-området” frå Nystølen på Sognesida sørover til Stordalen Fjellstove, og den er ca. 6 km. Turen følgjer T-merka sti i flatt, lett terreng, med ei bratt nedstigning til Stordalen fjellstove. Den nye korte løypa bringar eit anna perspektiv inn, og dei to marsjane utfyller derfor kvarandre godt i forhold til minnemarkering over dei krigshandlingar som fann stad. Begge løypene har same innkomst ved Stordalen Fjellstove, og arrangementa i etterkant er felles for alle marsj-deltakarane.
Bjørn West-marsjen vert arrangert som et samarbeidsprosjekt mellom foreininga Bjørn West, Bergenhus heimeverndistrikt 09 og Masfjorden kommune, samt Bjørn West-museets venner, Ytre Sogn turlag, Nordhordland turlag, Bjørn West IL, Risnes IL, Fjon UIL og Nordhordland Røde Kors. Begge turane blir premiert likt med diplom og T-skjorte.
Praktisk informasjon
Bjørn West-marsjen går nest siste søndag i august kvart år, og vert i 2018 arrangert søndag 18. august, for 37. året på rad.
Bjørn West-marsjen lang – Frå Litlematrestølen.
Påmelding frå kl 07.00 til 10.00 ved BKK sitt anlegg på Matre, like ved E39, 85 km frå Bergen og 25 km frå Oppedal. Det er god plass til parkering på staden. Det er også mogleg å komme til Matre med ekspressbuss. Frå Bergen avgang frå Nonneseterterminalen på Bystasjon kl. 08.00.
Frå Matre vert deltakarane transporterte med buss opp mot Litlematrestølen, som er startstad. Det vil gå kontinuerleg bussar mellom kl. 07.00 og 10.00.
For dei som er i Stordalen og vil gå den lange marsjen, går det buss frå NAF-bygget til Matre kl 0630!
Etter innkomst ved Stordalen Fjellstove går det bussar frå Stordalen til Matre. Frå Matre går det ekspressbuss til Bergen kl. 16.40, 18.45 og 20.10. Mot Sogn går det ekspressbuss 15.55, 17.55 og 21.25.
Bjørn West-marsjen kort – Frå Nystølen.
Påmelding i Stordalen ved parkeringsplassen ved NAF-camping mellom kl 09.30 og 12.00. Ein kan parkera her, eller parkere på Matre og følgja med bussen frå Matre i tida kl 09.30 – 11.00. Etter påmelding er det felles transport til Nystølen mellom kl 10.00 og 12.00. Det vert derfor ikkje mogleg med direkte oppmøte eller på påmelding på Nystølen.
For dei som ynskjer å gå fellestur med turleiarar, er det start frå Nystølen kl. 10.30 og kl 11.30.
Deltakarane i kort løype kan nytta same bussamband frå og til Bergen som nemnt under ”Lange løype”. Frå Sogn kan også ekspressbuss med ankomst Matre kl 10.40 nyttast.
Felles for alle deltakarane i Bjørn West marsjen
Prisinfo:
Deltakaravgift ved førehandspåmelding er kr 250,- for vaksne og kr 75,- for born (fødd 2003 og seinare), (deltakaravgift, busstransport T/R og premiering).
Påmelding ved start h.h.v. kr. 300,- og kr. 100,-. Nytt av året er at du kan nytta VIPPS ved dei to påmeldingsstadane på Matre og i Stordalen. Ellers tar vi kontant og ikkje kort.
Høve til førehandspåmelding t.o.m. 15. august: Førehandlspåmelding finn du her.
Anna info:
Deltakarane vert oppmoda om å kle seg fornuftig - spesielt er godt fottøy viktig.
Dersom det vert regn, kan det vere glatt å gå i dei brattaste partia. Røde Kors stiller med sanitetspersonell langs rutene. Arrangør gjer merksam på at alle deltar på eige ansvar.
For dei som har gått marsjen tidligare er det mogeleg å kvalifisere seg til merker og statuettar.
Betal med kontantar, ikkje kort. - Vel møtt til ein fjelltur i Bjørn West sine fotefar.
Kulturarrangement på Stordalen Fjellstove
Kulturarrangement
Ved felles innkomst ved Stordalen Fjellstove er det flott arrangement for både deltakarar og andre som vil opp å sjå, høyre og ete. Middag og anna mat serveres heile dagen.
14.30 - Konsert på Fjellstova med Brekke mannskor.
15.15 – Friluftsgudsteneste med prost Helge Taranrød
16.00 - Minnetale ved bautaen over dei falne v/ sjef for HV - generalmajor Eirik Johan Kristoffersen
Les meir om marsjen på Facebook: https://www.facebook.com/bjornwestmarsjen/
Kontakt
Birger Wergeland -
E-post: birwerg@gmail.com
Tlf. 41 27 42 58 dagtid