Bjørn West marsjen 2022


40- ÅRS JUBILEUM - 1983 - 2022.
Sundag 21. august vert det igjen arrangert Bjørn West-marsj i Matrefjella.

Rådet for Bjørn West-marsjen er glad og stolt over at ein for 40`de året på rad, kan ønskje velkomen til å vandra i fotspora til dei 259 ungdomane som kjempa for fridom under barske tilhøve i denne vakre fjellheimen.
Den tradisjonsrike turmarsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh. Den er til minne om motstandsgruppa Bjørn West som kjempa her på slutten av andre verdskrigen.
Du kan velja mellom kort og lang løype. Båe alternativa går gjennom områda der motstandsgruppa Bjørn West kjempa harde kampar mot dei tyske troppane som kom opp frå Matre og/eller Bjordal/Førde.
Same kva alternativ du vel, så vert du teken godt i mot ved målgang ved Stordalen fjellstove. Her vert det servert middag og smårettar heile dagen.
PRAKTISK INFORMASJON:

PÅMELDING HER


PRIS påmelding: kr 300,- for vaksne og kr 100,- for born (født etter 2006) som inkluderer naudsynt busstransport og premiering.
LANG: Bjørn West-marsjen Lang (15 km) startar på Matre med registrering, og bussavgang mellom kl. 07.00 og 09.30 til Godbotn med marsj forbi Litlematrestølen til Stordalen Fjellstove.
KORT: Bjørn West-marsjen Kort (6 km) startar i Stordalen (på parkering ved NAF) med registrering og bussavgang mellom kl. 10.30 og 12.00 til Nystølen i Sogn med marsj til Stordalen Fjellstove.


PROGRAM VED STORDALEN FJELLSTOVE:
14.30: Konsert med Anne Hvidsten m/band.
1515: Friluftsgudsteneste ved spesialprest Torbjørn Sæle.
Kl. 16.00: Minnesermoni ved Forsvarssjef - General Eirik Kristoffersen.
Han legg ned krans ved minnestøtta og held minnetalen.
KVAR: Matre i Masfjorden ca. 1 t nord for Bergen. Parkering ved Matre skule, Matre.
Det er mogeleg å nytta ekspressbuss frå Bergen kl. 08.00.
Stordalen ligg i Stølsheimen, 20 min frå Matre.
Vi ønskjer at flest mogeleg melder seg på førehand, fristen er fredag 19. august kl. 23.00.
Det kjem til å bli høve til å melde seg på sjølve dagen med betaling via vipps.


PS: Deltakarane vert oppmoda om å kle seg fornuftig - spesielt er godt fottøy viktig.
Dersom det vert regn, kan det vere glatt å gå i dei brattaste partia. Røde Kors stiller med sanitetspersonell langs rutene. Arrangør gjer merksam på at alle deltar på eige ansvar.
For dei som har gått marsjen tidligare er det mogeleg å kvalifisere seg til merker og statuettar.
Betal med kontantar eller VIPPS - Vel møtt til ein fjelltur i Bjørn West sine fotefar.
Velkomen.