Bli med på Bjørn West-marsjen!

Søndag 18. august er det igjen tid for den årlege Bjørn West-marsjen. Gjennom slåande vakker natur går vi i fotspora til Bjørn West-soldatane mot hovudkvarteret deira på Stordalen Fjellstove. 

Sjølve turen

Turen startar i Matre. Marsjen som er på 15 km kan være krevande for mange, spesielt om været ikkje er på vår side. Det er derfor lagt til rette for  ein kortare variant på 6 km med start frå Nystølen for dei som ynskjer det. Det er felles innkomst for begge marsjane på Fjellstova i Stordalen.

Historia bak

Bjørn West-marsjen er ein minnemarsj for dei krigshandlingar som fann stad mellom motstandsgruppa Bjørn West og tyske styrkar i Masfjordfjella mot slutten av andre verdskrigen. Marsjen har vert arrangert kvart år sidan 1983. Eit viktig føremål med marsjen er å halde ved like minnet om innsatsen til Bjørn West-soldatane, og å føre vidare historia deira til nye generasjonar. 

Du kan lese meir om historia bak marsjen her