Jubileumsfest for Bjørn West

15. oktober markerer vi to viktige jubileum og inviterer til storslagen markering.

Fotograf - Henning Wærnøe

15. oktober 2019 er det 75 år sidan Fredrik Kayser og Severin Synnes vart frakta med Shetlands-Larsen og ubåtjagaren KNM Vigra over Nordsjøen til Masfjorden. Dei var dei to første offiserane i det som skulle verta ei vidgjeten motstandsgruppe og geriljabase i Masfjordfjella i sluttfasen av 2. verdskrigen.

På same dato er det 25 år sidan H.M. Kong Harald V opna Bjørn West Museet på Matre med stor festivitas. Sidan den gong har over 60 000 gjestar fått høyra om «dei kvite englane» i Matre-fjella, og folket i bygdene kring, som i stor løyndom var avgjerande støttespelarar for motstandsgruppa.

For å markere denne tydningsfulle datoen blir det open kulturkveld på på Matre skule. Trygve Fett vil leia oss gjennom eit program med fokus på fred og framtid, framført av lokale kulturkrefter, barn og vaksne, amatørar og profesjonelle. Dørene opnar kl.19:30. Velkomen!

Gratis inngang.