Ta ein dagstur til Bjørn West-museet på Matre i haustferien! Museet fortel historia om motstandsrørsla Bjørn West som etablerte seg i Matrefjella siste del av 2. verdskrigen. Grunnen til at Bjørn West vart etablert akkurat her i Matrefjella var i kombinasjonen av bratte, ville og aude fjellvidder samt dei mange stølane i området. Matrefjella ligg her framleis, innbydande og klare for å gje deg ei oppleving du seint vil gløyma. Her vil du kjenna både natur- og kultur-verdiane på pulsen!
Her er turane du ikkje vil gå glipp av i haustferien.
Matre rundt
Matre har ein spanande historie knytt til naturressursane som har sitt utspring frå Matrefjella og innover i Stølsheimen. På ein lett spasertur kring på Matre kan du m.a. oppleva:
• Spanande geologi og isavsmeltingshistorie (terrassar, morenar, elveflatar m.m.)
• Flott kulturlandskap med bakkemurar, steingardar, beitelandskap og ulike beitande husdyr.
• Gamalt kaimiljø med gamle Matre Hotel (frå ca 1914). Bygget er den gamle «kjøpmannsstuen» som stod på Bryggen i Bergen fram til moderniseringa til mursteinsbygg kring 1910.
• Strandpromenade med gapahuk. Her kan ein grilla medbrakt grillmat. Liten badestrand.
• Rester etter den tyske okkupasjonsstyrken som heldt til på Matre frå hausten 1942 og fram til freden i mai 1945. På Matre var det over 200 russiske krigsfangar som arbeidde som slavar i sandtaket. Storparten av sanden til utbåtbunkersen «Bruno» på Laksevåg, kjem frå Matre.
• Havforskingsinstituttet – avansert forskingsstasjon innan laks og aure.
• BKK Matre – produserer 25 % av Bergen sin trong for straum.
Du treng ikkje bil – lett tur – tidsbruk er valfritt frå 20 min – 1 time.
Stegane eller Kringlebotsstigen
Like før fv. 381 byrjar å svinga seg dramatisk opp frå Matresdalen til Fossen (Stordalsvegen) kan du oppleva unik ingeniørkunst og samstundes få testa kor sterk du er i «høgda»!
Her startar den gamle ferdslevegen til den einbølte fjellgarden Kringlebotn. Dersom du ser godt etter, vil du brått sjå trappetrinn på trappetrinn – stein på stein loddrett opp den stupbratte fjellhammaren – Stegane. Her gjekk bøndene i Kringlebotn opp og ned med varar – anten for å selja eigenproduserte varer eller naudsynte ingrediensar dei ikkje produserte sjølve.
I april og mai 1945 nytta motstandsgruppa Bjørn West Kringlebotn fjellgard som treningsleir og rekruttskule. 28 og 29 april 1945 vart Kringlebotn angripen av tyske styrkar. Tre Bjørn West-soldatar og like mange tyskarar vart drepen her. Tyskarane nytta vegen opp og ned Stegane kvar dag under kamphandlingane.
5 minutt i bil eller 20+ min på sykkel frå BW – museet. Tidsbruk: 25 – 50 min til toppen (ein veg) alt etter form, alder og «styrke i høgda».
I Bjørn West-soldatane sine fotspor
Den siste månaden av 2. verdskrigen hadde Bjørn West-styrken hovudkvarteret på Stordalen fjellgard og fjellstove. Resten av styrken låg på stølar (setrar) kring i fjellet. Det var faste ruter for ordonnansar / kùrerar mellom desse. Den som kanskje gjekk i flottast natur var ruta til Kringlebotn /Litlematrestølen. Dette er den ruta den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen føl i i dag.
Du kan sjølv avgjera kor langt du vil gå: (tidsestimat ein veg)
• 5 minutt – urhola 76 år gamle Torgeir Stordal vart gøymt i før tyskarane fann han, avretta han og brann han inni heimen 5.mai 1945.
• 30 minutt – kring Stordalsvatnet - minnesmerke over Bjørn West-soldat (og fotograf) Henning Wernøe. Han vart skoten av ein tysk patrulje 28. april 1945.
• Ca 1 time . Husefjellet. Flott utsyn over Stordalen og innover Matrefjella.
o Går du 15 minutt til kjem du til minnesmerke over kùrer Arne Lampe. Han vart skoten 28. april.
På denne turen på får ein intens oppleving av dramatisk lokal krigshistorie i naturskjønn ramme som Bjørn West- soldatane har skildre intens og fagert i fleire dagbøker.
Prøv deler av kùrer-ruta mellom Stordalen og Kringlebotn!
GOD TUR! Vi gleder oss til å sjå dykk på museet!