Ta ein tur til Bjørn West Museet i Matre

På Bjørn West Museet kjem du tett på historia om den dramatiske motstandskampen i Matrefjella. Dette var ei av dei siste krigshendingane i Europa under andre verdskrigen.

Bli med inn

Bjørn West museumsbyggetBjørn West Museet har namnet sitt etter den norske motstandsgruppa som heldt til i Matrefjella dei siste seks månadene av andre verdskrigen. Museet fortel historia om dei 259 soldatane, også kalla «dei kvite englane», som på kort tid bygde opp ein slagkraftig militærbase.

Historia om dei kvite englane 

Etableringa av basen var eit farleg vågespel. I luftlinje låg han berre 50-60 km frå Bergen. Tyskarane måtte haldast uvitande så lenge som mogeleg, og heller ikkje sivilbefolkninga måtte vita om basen.

Utan aktiv støtte og hjelp frå sjølvoppofrande kontaktpersonar i bygdene rundt, ville det ikkje vore mogleg for Bjørn West-organisasjonen å etablere seg her.

Bjørn West - våpen utstyr og personlege effektar i båthusetPå museet finn du ei større samling av våpen, utstyr og personlege effektar som høyrde til Bjørn West-soldatane og dei lokale kontaktpersonane i bygdene kring basen. Gjennom bilete, tekst og film får du innsikt i dei tøffe forholda soldatane levde under. Dei måtte tåla både brutale snøstormar, bitande kulde og matmangel. Utfordringane dei møtte saman styrkte kampmoralen og kameratskapet.

Les kva Visit Bergen skriv om Bjørn West Museet her. 

Dette tilrår vi 

Bjørn West museetTing guide med på tur frå Matre til Stordalen Fjellstove, der Bjørn West hadde sitt hovudkvarter. Du kan også kjøre turen i eigen bil. Her står ein bauta over dei seks falne Bjørn West-soldatane og eigaren av fjellstova, Torgeir Stordalen. 

Du bør også sjå den 15 minutt lange filmen som skildrar kvardagslivet for Bjørn West-soldatane, satt saman av autentiske bilete og tidsvitne sine forteljingar. Filmen kan du sjå på museet.

Bjørn West - hårnålsvinger opp til StordalenMasfjorden er óg eit eldorado for naturopplevingar. Her finn du flotte turar frå skjergarden i ytre Masfjorden til ville fjell og dalar aust for Matre. På museet kan du kjøpa turkart med lokal informasjon. Opplev storslagen natur i Bjørn West-soldatane sine fotspor. Tips til flotte turar finn du her.

Nest siste søndag i august – kvart år, kan du også delta på Bjørn West-Marsjen til minne om motstandsgruppa Bjørn West. Meir informasjon finn du på Facebook.

Praktisk informasjon 

Opningstider

Billetter

Vegforklaring
Ekspressbuss: Fjordekspressen NV431 frå Bergen busstasjon.
Bil: Museet ligger på Matre like ved Europavei E39 nord for Bergen, på veg til Sognefjorden. Køyretid Bergen sentrum–Bjørn West Museet: ca. 1 time og 15 minutt. Google Maps.