Matre har ein spanande historie knytt til naturressursane som har sitt utspring frå Matrefjella og innover i Stølsheimen. På ein lett spasertur kring på Matre kan du m.a. oppleva:
• Spanande geologi og isavsmeltingshistorie (terrassar, morenar, elveflatar m.m.)
• Flott kulturlandskap med bakkemurar, steingardar, beitelandskap og ulike beitande husdyr.
• Gamalt kaimiljø med gamle Matre Hotel (frå ca 1914). Bygget er den gamle «kjøpmannsstuen» som stod på Bryggen i Bergen fram til moderniseringa til mursteinsbygg kring 1910.
• Strandpromenade med gapahuk. Her kan ein grilla medbrakt grillmat. Liten badestrand.
• Rester etter den tyske okkupasjonsstyrken som heldt til på Matre frå hausten 1942 og fram til freden i mai 1945. På Matre var det over 200 russiske krigsfangar som arbeidde som slavar i sandtaket. Storparten av sanden til utbåtbunkersen «Bruno» på Laksevåg, kjem frå Matre.
• Havforskingsinstituttet – avansert forskingsstasjon innan laks og aure.
• BKK Matre – produserer 25 % av Bergen sin trong for straum.
Du treng ikkje bil – lett tur – tidsbruk er valfritt frå 20 min – 1 time.