Hopp til hovedinnhold

Opplevingar

Opplev dagsturar og utflukter til Bjørn West, Matre, og Matrefjellane

Opplev museet og fjella ikring!

Ta ein dagstur til Bjørn West-museet på Matre ! Museet fortel historia om motstandsrørsla Bjørn West som etablerte seg i Matrefjella siste del av 2. verdskrigen. Det kom til kraftige kampar mellom over 800 tyske soldatar og 259 Bjørn West-soldatar. Grunnen til at Bjørn West vart etablert akkurat her i Matrefjella var i kombinasjonen av bratte, ville og aude fjellvidder samt at det var mange stølar i området dei kunne nytta til innkvartering. Matrefjella ligg her framleis, innbydande og klare for å gje deg ei oppleving du seint vil gløyma. Her vil du kjenna både natur- og kultur-verdiane på pulsen! Kanskje spesielt vakkert no med flotte haustfargar? 

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2