Hopp til hovedinnhold

Den siste Bjørn West-soldat har gått av vakt

Til minne om Sverre Sivertsen – Bjørn West-soldat nr. 154.

  • Sverre Nikolai Sivertsen Lise Viken

Det var med sorg me tok i mot meldinga om at Sverre Nikolai Sivertsen døde 15. juni i Bergen.

Sverre vart 101 år.

Med det er den siste Bjørn West-soldat gått av vakt.

Sverre slutta seg til Bjørn West-styrken som soldat nr. 154 våren 1945. Han hadde framfor seg ei tid med hard trening, tunge bører, lange vakter, angrep frå tyske styrker og tap av kameratar i barske Masfjord-fjell.

For oss som berre har opplevd fred og fridom er det vanskeleg å førestilla seg korleis dette påverkar ein.

Etter krigen møtte Sverre trufast fram på arrangement knytt til historia om Bjørn West – som til dømes Bjørn West-marsjen og årsmøte i Bjørn West-venneforeining – så lenge helsa heldt. Me vil sakna det lune lune smilet og det smittande humøret til Sverre.

Det er no meir enn 81 år sidan dei to første Bjørn West-soldatane steig i land i Masfjorden. Det var starten på Bjørn West-basen – militæravdelinga som til slutt talde 268 mann under våpen i dei ville Masfjordfjella.

Bjørn West-soldatane var dei første ordinære soldatane under direkte kommando av forsvarsleiinga i London – sidan kapitulasjonen i juni 1940.

Dei skulle operera i okkupert Norge – bak fienden sine linjer – i skjul for lokalbefolkninga – og verta forsynt med alt dei trong frå England og Shetland.

I 1944 starta Sverre med illegalt arbeid i Bergen, berre 19 år gamal. Først med utdeling av aviser, men etter kvart var det langt meir alvorlege oppgåver.

I februar 1945 vart Sverre ein del av «Saborg» i Bergen. Sabotasjeorganisasjonen hadde sitt utspring i det kommunistiske miljøet i Bergen og Laksevåg. Han var han mellom anna med på to bankran i mars 1945. 1. mars mot Fana Sparebank og 16 mars mot Bruvik Sparebank sin filial i Vaksdal.  Føremålet var å finansiera motstandsarbeidet samt å gje økonomisk støtte til familiane til offer for den tyske okkupasjonsmakta (les og høyr i BT 12.01.26)

Etter å ha halda seg i skjul ei stund fekk han, saman med eit par kamerater, hjelp til å slutta seg til motstandsgruppa Bjørn West i Matrefjella.

I slutten av april sette den tyske okkupasjonsmakta inn store styrker for å ta knekken på Bjørn West – ein gong for alle. Opp mot 800 soldatar vart sett inn mot 259 Bjørn West-soldatar – der om lag 1/3 knapt hadde hatt tid til å gjera våpena stridsklar. Kampane raste i seks døgn – der dei undertallege Bjørn West-soldatane knapt fekk kvila mellom slaga.

Bjørn West gjorde ein imponerande innsats og slo tilbake alle tyske framstøytar.

Kampane i Matrefjella var dei siste i 2. verdskrigen i Noreg.

Seks av Sverre sine medsoldatar vart drepne i Matrefjella desse dagane. I tillegg vart 76 år gamle Torgeir Stordal brutalt avretta – som hemn for at Bjørn West-styrken hadde nytta Stordalen fjellstove – heimen hans – som hovudkvarter.

For oss som berre har opplevd fred og fridom er det vanskeleg å førestilla seg korleis dette påverkar ein.

I djup respekt takkar me for Sverre sin innsats for eit fritt Noreg.

På vegner av Bjørn West-museet lyser me fred over Sverre Nikolai Sivertsen sitt minne.

Arnold Matre

Bjørn West-museet