Hopp til hovedinnhold

Tur 3 - I Bjørn West-soldatane sine fotspor

Følg i fotspora til den dramatiske kampen i Matrefjella under den andre verdskrigen.

  • Masfjorden Sogelag har satt opp gule skilt i Matrefjella med forteljingar om hendingane. Dette viser kor Arne Lampe vart felt.
    Masfjorden Sogelag har satt opp skilt i Matrefjella som fortel om hendingane. Dette viser kor Arne Lampe vart felt. I traseen for Bjørn West-marsjen. Arnold Matre

Den siste månaden av 2. verdskrigen hadde Bjørn West-styrken hovudkvarteret på Stordalen fjellgard og fjellstove. Resten av styrken låg på stølar (setrar) kring i fjellet. Det var faste ruter for ordonnansar / kùrerar mellom desse. Den som kanskje gjekk i flottast natur var ruta til Kringlebotn /Litlematrestølen. Dette er den ruta den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen føl i i dag.

Du kan sjølv avgjera kor langt du vil gå (tidsestimat ein veg frå Stordalen Fjellstove):

  • 5 minutt – urhola 76 år gamle Torgeir Stordal vart gøymt i før tyskarane fann han, avretta han og brann han inni heimen 5.mai 1945.
  • 30 minutt – kring Stordalsvatnet - minnesmerke over Bjørn West-soldat (og fotograf) Henning Wernøe. Han vart skoten av ein tysk patrulje 28. april 1945.
  • Ca 1 time. Husefjellet. Flott utsyn over Stordalen og innover Matrefjella.
  • Går du 15 minutt til kjem du til minnesmerke over kùrer Arne Lampe. Han vart skoten 28. april.

På denne turen på får ein intens oppleving av dramatisk lokal krigshistorie i naturskjønn ramme som Bjørn West- soldatane har skildre intens og fagert i fleire dagbøker.

Prøv deler av kùrer-ruta mellom Stordalen og Kringlebotn!

Start frå Bjørn West Museet

Du startar turen med spanande historie på Bjørn West-museet på Matre i Masfjorden. Deretter køyrer du bil til Stordalen Fjellstove der den 2,5 km lange fotturen startar. Fleire interessante delmål om du ikkje går hele turen. Skotøy og klede må tilpassast værtilhøva.

  • Stordalen Fjellstove

  • Gøymestaden til Torgeir Stordal

  • Henning Wernøe - minnesmerke

  • Husefjellet - utsiktspunkt

  • Arne Lampe - minnesmerke

Stoppestader

Stordalen Fjellstove

Har vore i drift sidan 1930-talet, og var den siste månaden av andre verdskrig hovudkvarter for Bjørn West. Stopp gjerne innom for ein matbit og overnatting.

Gøymestaden til 76 år gamle Torgeir Stordal

Frå og med 28. april angrip tyske styrker Stordalen frå fleire kantar. 76 år gamle Torgeir orka ikkje å gå over fjellet i snø, og vart gøymt i ei ur like bak fjellstova. Torgeir Stordal vart skoten, og vart med det eit av dei siste offera for verdskrigen i Noreg.

Henning Wernøe - minnesmerke

28. april 1945 høyrde eit sambandslag frå Bjørn West stemmer, då dei var i ferd med å legge samband til Osen seter. Dei trudde det var bygdefolk og Henning Wernøe gjekk opp for å undersøkje. Der vart han skoten og drepen av ein tysk patrulje på tre mann.

Husefjellet - utsiktspunkt over Stordalen

Flott utsiktspunkt, som ligg i traseen for Bjørn West marsjen. 

Arne Lampe - minnesmerke

Du står no berre nokre hundre meter frå det som var krysselden mellom Bjørn West-soldatane og omlag 400 tyske soldatar. 3. mai 1945 stod det siste slaget i andre verdskrigen i Noreg her. Arne Lampe mista livet her denne dagen.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2