Hopp til hovedinnhold

Bjørn West Marsjen

  • 1/1
    Soldatar ved minnesmerket over Arne Lampe. Arnold Matre.

Om Bjørn West Marsjen

Bjørn West Marsjen blir arrangert nest siste søndag i august, kvart år til minne om motstandsgruppa Bjørn West som heldt til i Masfjordfjella siste halvåret under andre verdskrigen. Marsjen går i området der dei siste kampane i Europa fann stad.

Det er 2 marsjar - ein lang (15 km) og ein kort (6 km) og begge har felles innkomst ved Stordalen Fjellstove. Her er det minnetale, konsert og friluftsgudtjeneste.

Marsjen blir arrangert av rådet for Bjørn West Marsjen kor mange ulike organisasjonar er representerte. Foreningen Bjørn West, Heimevernet, Nordhordland Turlag, Ytre Sogn Turlag, IL Bjørn West, Risnes IL, Fjon UIL, Røde Kors.

Historikk

Bjørn West-marsjen er ein minnemarsj for dei krigshandlingar som fann stad i Masfjordfjella mot slutten av andre verdskrigen. Den har vert arrangert kvart år sidan 1983. Eit viktig føremål med marsjen er å halde ved like minnet om innsatsen til Bjørn West-soldatane, og å føre vidare historia deira til nye generasjonar.

Litlematrestølen 

Søndag 29. april 1945 om ettermiddagen var det harde kampar nordvest for Litlematrestølen. 
Tyskarane skulle ta Kringlebotn, og sende om lag 30 mann av garde frå Fossen. 28 andre tyskarar skulle gå nordover fjellet mot Kringlebotn frå Litlematrestølen. Men ved Litlematrestølen vart dei stogga av 11 norske soldatar med fenrik Egil Arne som sjef. 

Tyskarane kom frå Matre, og vart oppdaga av norske vaktpostar kl. 11.30. Dei tyske soldatane sleit tungt i blautsnø og snøbyger, og nordmennene som låg i gode stillingar, venta i det lengste med å opna eld. Dei skaut først då tyskarane var 50 m frå dei. Johan Hansen Gatland frå Fotlandsvåg på Osterøy fall i skotvekslinga som følgde. 

27 tyskarar vart drepne. Den siste vart såra, men kom seg attende til Matre og melde frå. Bjørn West-soldatane evakuerte no Litlematrestølen, og det var i siste liten. Då dei siste nordmennene la i veg mot Stordalen, såg dei over 100 tyskarar rykkja fram mot Litlematrestølen. 

Kringlebotn 

Dei første kampane fann stad ved Fossestølen i 04- tida laurdag 28. april 1945. Ein norsk vaktstyrke slo attende ein mindre tysk styrke.

Denne laurdagen var det samla mykje Bjørn West- folk på fjellgarden Kringlebotn. Garden ligg løynd i ei lun hole på sørsida av Klavefjellet. Denne lagnadsdagen var om lag 60 norske ungdomar samla der. 50 nykomlingar skulle få våpenopplæring. 

Fenrik Nils Åsheim var kompanisjef og leiar for befalet som skulle trena dei nye rekruttane. Hjalmar Matre, som åtte garden, var nestkommanderande. Dei kom i strid før rekruttskulen kom i gong. 

Laurdag morgon oppdaga dei 3-4 tyskarar ved nokre løegrunnar i vestre vassenden. Ein patrulje frå Bjørn West vart send av stad for å ta seg av desse tyskarane. Alt det første skotet frå tyskarane drap den 26 år gamle fenrik Arnold Mathisen frå Kongsvinger. Fenrik Ragnvald Totland frå Eknes vart såra. Det vart ein av tyskarane og, men fienden kom seg unna. 

Ettermiddagen dagen etter kom tyskarane attende med ein tropp på omlag 30 elitesoldatar. Dei kom ned Rusti i nærleiken av der Bjørn West-marsjen no går, og ned vestre skaret. 

To nordmenn stogga fienden ved Rusti heile ettermiddagen og kvelden. Hardaste striden vart ved vestre skaret. Her fall Jakob Åsheim frå Hosanger og Odd Narve Tindeland frå Haugesund. 

Tyskarane hadde store tap og drog seg attende i 9-tida om kvelden. Utover natt til måndag, evakuerte nordmennene Kringlebotn og drog over fjellet til Fagerdalsstølen. 

Tyskarane fekk mange drepne og såra på Litlematrestølen og i Kringlebotn denne dagen, søndag 29. april 1945.


Klavefjellet / Stordalen 

Tysdag 1. mai 1945 var det kampar ved Krokavatnet nord for Stordalen. Tyskarane kom oppover frå Sognefjorden, men vart stogga der.

Torsdag 3. mai kom store styrkar opp frå Fossen for å gå over Klavefjellet mot Stordalen. 12-14 norske soldatar med Johannes Kålås frå Hjelmås som lagførar, stogga fienden i halvannan time. Det var nok til at Bjørn West-styrkane kom i stilling tvers over heile Klavefjellet. Frontlinja gjekk i ein boge, mest som ein sekk. Og tyskarane hamna i sekken. Mellom 150 og 200 tyskarar kom opp frå Fossegarden, og like mange frå Fossevatnet. Det var dei nordmennene først kom i strid med. Nordmennene opna eld då tyskarane nådde nord for vatnet på Klavefjellet. 

Nordmennene hadde rikeleg med ammunisjon etter flyslepp natta før, og låg i gode stillingar. Tyskarane hadde store problem med å skjøna kvar elden kom frå. Nordmennene synte stor krigskunst, og klokka 18.00 måtte tyskarane trekkja seg attende med store tap. 

Bjørn West-folka fekk melding frå London om at krigen snart gjekk mot slutten, og fekk ordre om å bryta all kontakt med tyskarane. 

I Stordalen hadde det vore strid laurdag 28. april 1945. Tyskarane fanga to norske ordonansar som var på veg frå Kringlebotn til Stordalen. Ein tredje ordonans, Arne Lampe frå Fana vart skoten av dei same tyskarane då han var på veg frå Stordalen til Kringlebotn. 

I Stordalen kom dei same tyskarane over nokre nordmenn som la opp telefonliner langs sørsida av Stordalsvatnet. Ein av nordmennene, Henning Wernøe frå Bergen, fall i trefningane som følgde. Ein norsk offiserpatrulje gjekk til motåtak, skaut 3 tyskarar, og befridde dei to norske fangane. 

Den gamle fjellmannen Torgeir Stordal let livet 4. mai 1945. 76 år gamal vann han ikkje følgja med då Stordalen vart evakuert. 

Han vart att på garden der han hadde levd heile livet sitt. Tilliks med osingen Sigurd Johannessen som vart såra, gøymde han seg i urane i området. Etter eit døger torde Torgeir seg ned til husa sine. Der kom fienden over han, skaut han og brende han inne saman med resten av husa i Stordalen. 

Oversikt over tidlegare Bjørn West Marsjar

Den første Bjørn West Marsje gikk i 1983. Dei første åra i september, men etter 5 år ble det fast dato - nest siste søndag i august. Turen har alltid gått via Litlematrestølen til Stordalen Fjellstove, og går gjennom områdene hvor BJørn West karane var forlagt, og i kamp med tyske styrker på slutten av andre verdenskrig.

Marsjen på 15 km kan være krevende for mange, og spesielt i dårlig vær. Det var derfor ønske om å utvide med en kortere variant. Fra 2011 er det arranger en 6 km mars fra Nystølen til Stordalen, med felles innkomst for begge marsjene på Fjellstova. 

År Dato Deltakartal Talarar og kranspåleggarar
1983 11. sep. 623 Ola Litleskare, generalmajor. D.K.V.
1984 09. sep. 934 Eilert Eilertsen, lege i Bjørn West
1985 01. sep. 573 Ola Berg, generalmajor, GIHV.
1986 07. sep. 443 Roar Hedegård Jacobsen, feltprest i BW.
1987 23. aug. 837 Sverre Helland, BW veteran.
1988 21. aug. 660 Fredrik Kayser, NK. Bjørn West.
1989 20. aug. 698 Tormod Sleppen, generalmajor, GIHV.
1990 19. aug. 970 Arnfinn Finne, BW veteran.
1991 18. aug. 820 Erik Riisnes, ordførar i Masfjorden
1992 23. aug. 871 Vigar Aabrek, sjef IR9/ FD19
1993 22. aug. 650 Helen Mowinchel Nilsen, Sjef KP1 BW.
1994 21. aug. 498 Kjell Espelid, BW veteran (soldat nr.1)
1995 20. aug. 850 Ulf Arnesen, oberstløytnant Sjef HV9.
1996 18. aug. 739 Atle Neteland, adm.dir. BKK.
1997 24. aug. 460 Sverre Øverland, generalmajor DKSV.
1998 23. aug. 384 Nils Bjørge, BW veteran.
1999 22. aug. 677 Roald Haugen, generalmajor GIHV.
2000 20. aug. 400 Sigurd Helstrøm, brigader, Stabsjef,
2001 19. aug. 360 Karstein Torkildsen, BW veteran.
2002 18. aug. 680 Knut Åge Greve, oberstløytnant HV9.
2003 24. aug. 678 Odd Frøyse Tangen, generalmajor GIHV.
2004 22. aug. 568 Bengt Ivar F. Brovold, generalmajor GIHV.
2005 21. aug. 570 Helge Haukeland, tidligare ordførar i Masfj.
2006 20. aug. 475 Svein Alsaker, fylkesmann i Hordaland.
2007 19. aug. 365 Jan Blom, generalmajor.
2008 19. aug. 503 Anne-Grete Strøm-Eriksen, forsvarsminister.
2009 23. aug. 403 Kjell Wernøe, 2.generasjon BW.
2010 22. aug. 443 Håkon Matre, ordførar i Masfjorden
2011 21. aug. 674 Håkon Randal, tidl. fylkesmann i Hordaland
2012 19. aug. 699 Atle Bondevik, Nordhordland Forsvarsforening
2013 18. aug. 398 Tove Kayser, etterkommer
2014 24. aug. 484 Ingvar Seland, oberstløytnant HV09
2015 23. aug. 755 Karstein Totland, ordførar i Masfjorden
2016 21. aug. 689 Erna Solberg, Statsminister
2017 20.aug. 414 Halvard Oppedal, Ordførar Gulen kommune
2018 19.aug. 400 Major Magne Mehammer, fungerande distriktssjef HV-09
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2