Hopp til hovedinnhold

Historie

Bjørn West museet vart skipa for å fortelja historia om motstandsgruppa Bjørn West. Dei hadde base i Matrefjella i Masfjorden og kom i kamp med tyske soldatar i april/mai 1945.

  • Bjørn West Museet i Matre
    Bjørn West Museet i Matre Stiftelsen Museum Vest / Silje Katrine Robinson

Etter at Bjørn West soldatane vart dimittert sumaren 1945 skipa dei foreininga Bjørn West. Dei hadde m.a. som føremål å spreia kunnskap om kva som skjedde dei dramatiske dagane på slutten av 2. verdskrig. I 1947/48 fekk dei sett opp «Bjørn West hytta» i Stussdalen. Dette vart ein viktig samlingsstad både for kameratskap og for å halda historia levande.

Med bakgrunn i høg alder for mange BW-veteranar kom tankane om å få til eit museum som kunne ivareta og formidla historia om kampane i Masfjordfjella. Bjørn West veteranane var såleis ein av fleire initiativtakarar til stiftinga Bjørn West museet og Bjørn West museets venner.

Stiftinga Bjørn West museet vart skipa i 1993 av kommunane Masfjorden, Lindås, Osterøy, Modalen og Gulen. I styret sit også Masfjorden sogelag , Bjørn West museets venner og Museum Vest (frå 2016). Hordaland fylkeskommune og Forsvarsmuseet/HV09 er observatørar til styret.

Masfjorden kommune stilte med hus og tomt på Matre til det det nye museet. Huset hadde ein direkte link til krigshandlingane då den tyske vaktstyrken som organiserte ca. 200 russiske krigsfangar nytta huset. Huset vart også nytta til forhøyr av lokalbefolkninga etter at tyskarane fekk kjennskap til at det var væpna motstandsfolk i Matrefjella.

15 oktober 1994 vart Bjørn West museet offisielt opna av HM Kong Harald V. Dette var på dagen 50 år etter at dei to første Bjørn West offiserane kom til Masfjorden frå England.

Fram til 2008 vart museet i stor grad drive på dugnad. Frå 2008 overtok Masfjorden kommune driftsansvaret, vedlikehald og betalte sumarguider.

Med tanke på å sikra framtida for museet vart det i 2014 starta utgreiingar/tingingar i høve konsolidering av Bjørn West museet. Det vart konkludert med at ein burde verta konsolidert og bli ein del av stiftinga Museum Vest.

Frå 01.01.16 er Bjørn West museet på Matre ein del av Museum Vest. Det er semje om at det skal verta arbeida for å få reist eit nybygg langs E39. Her skal ein framleis formidla historia til Bjørn West, samstundes som ein ønskjer å stilla spørsmål om kva val me står overfor i dag i høve demokrati, menneskerettar, menneskeverd og motstandskamp.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2