Hopp til hovedinnhold

Samlingane

Motstandskampen i Matrefjella er ein viktig del av Noreg si krigshistorie. På museet finn du ei flott samling autentiske våpen, utstyr og personlege effektar som høyrde til Bjørn West-soldatane og lokale kontaktpersonar i bygdene kring basen. Gjennom bilete, tekst og film får du innsikt i dei tøffe forholda soldatane levde under. Dei måtte tåla både brutale snøstormar, bitande kulde og matmangel. Utfordringane dei møtte saman, styrkte kampmoralen og kameratskapet.

Mellom anna finn du utstyret til både basesjefen, kaptein Harald Risnes og til nestkommanderande, løytnant Fredrik Kayser, som mellom anna var med på tungtvannsaksjonen på Rjukan. 

Med i utstillinga er også utstyret til presten Roal Hedegård Jacobsen og uniforma til flykaptein, seinare stortingspresident Per Hysing-Dahl. Det var Hysing-Dahl som natt til 3. mai 1945 droppa dei siste forsyningane over Bjørn West-basen. Ved hjelp av bilete, biletspel, tekst, film og intervju med nokre av dei som var med, får ein innblikk i avdelinga sin kvardag og krig.

  • Eit krus som er opp ned of deler av ein gjenstand frå utstillinga til Bjørn West
    1/6
    Eit krus som er opp ned of deler av ein gjenstand frå utstillinga til Bjørn West Stiftelsn Museum West | Silje Katrine Robinson
  • Sko i utstillinga til Bjørn West Museet i Matre
    2/6
    Sko i utstillinga til Bjørn West Museet Silje Katrine Robinson | Stiftelsen Museum West
  • 3/6
    Silje Katrine Robinson | Stiftelsen Museum Vest
  • Bilde av utstillingen Sovepose og telt på Bjørn West Museet
    4/6
    Bilde av utstillingen Sovepose og telt på Bjørn West Museet Silje Kathrine Robinson
  • 5/6
  • 6/6

Museet prøver elles å informera om dei tilhøva soldatane levde under, om utruleg slit med å få fram forsyningar, om snøstormar, kulde, regn og mangel, om problematisk innkvartering, godt kameratskap og imponerande kampmoral.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2