Hopp til hovedinnhold

Hendingane 29 april - 4 mai 1945

  • Kringlebotn. Lokalitet for rekruttskule for Bjørn West april/mai 1945. Bilete syner soldater frå innsatsstyrke Bjørn West under Bjørn West-marsjen. Arnold Matre

Litlematrestølen

Søndag 29. april 1945 om ettermiddagen var det harde kampar nordvest for Litlematrestølen. ​Tyskarane skulle ta Kringlebotn, og sende om lag 30 mann av garde frå Fossen. 28 andre tyskarar skulle gå nordover fjellet mot Kringlebotn frå Litlematrestølen. Men ved Litlematrestølen vart dei stogga av 11 norske soldatar med fenrik Egil Arne som sjef.

Tyskarane kom frå Matre, og vart oppdaga av norske vaktpostar kl. 11.30. Dei tyske soldatane sleit tungt i blautsnø og snøbyger, og nordmennene som låg i gode stillingar, venta i det lengste med å opna eld. Dei skaut først då tyskarane var 50 m frå dei. Johan Hansen Gatland frå Fotlandsvåg på Osterøy fall i skotvekslinga som følgde. 

27 tyskarar vart drepne. Den siste vart såra, men kom seg attende til Matre og melde frå. Bjørn West-soldatane evakuerte no Litlematrestølen, og det var i siste liten. Då dei siste nordmennene la i veg mot Stordalen, såg dei over 100 tyskarar rykkja fram mot Litlematrestølen. 

Kringlebotn

Dei første kampane fann stad ved Fossestølen i 04- tida laurdag 28. april 1945. Ein norsk vaktstyrke slo attende ein mindre tysk styrke.

Denne laurdagen var det samla mykje Bjørn West- folk på fjellgarden Kringlebotn. Garden ligg løynd i ei lun hole på sørsida av Klavefjellet. Denne lagnadsdagen var om lag 60 norske ungdomar samla der. 50 nykomlingar skulle få våpenopplæring. 

Fenrik Nils Åsheim var kompanisjef og leiar for befalet som skulle trena dei nye rekruttane. Hjalmar Matre, som åtte garden, var nestkommanderande. Dei kom i strid før rekruttskulen kom i gong. 

Laurdag morgon oppdaga dei 3-4 tyskarar ved nokre løegrunnar i vestre vassenden. Ein patrulje frå Bjørn West vart send av stad for å ta seg av desse tyskarane. Alt det første skotet frå tyskarane drap den 26 år gamle fenrik Arnold Mathisen frå Kongsvinger. Fenrik Ragnvald Totland frå Eknes vart såra. Det vart ein av tyskarane og, men fienden kom seg unna. 

Ettermiddagen dagen etter kom tyskarane attende med ein tropp på omlag 30 elitesoldatar. Dei kom ned Rusti i nærleiken av der Bjørn West-marsjen no går, og ned vestre skaret. 

To nordmenn stogga fienden ved Rusti heile ettermiddagen og kvelden. Hardaste striden vart ved vestre skaret. Her fall Jakob Åsheim frå Hosanger og Odd Narve Tindeland frå Haugesund. 

Tyskarane hadde store tap og drog seg attende i 9-tida om kvelden. Utover natt til måndag, evakuerte nordmennene Kringlebotn og drog over fjellet til Fagerdalsstølen. 

Tyskarane fekk mange drepne og såra på Litlematrestølen og i Kringlebotn denne dagen, søndag 29. april 1945.

Klavefjellet / Stordalen

Tysdag 1. mai 1945 var det kampar ved Krokavatnet nord for Stordalen. Tyskarane kom oppover frå Sognefjorden, men vart stogga der.

Torsdag 3. mai kom store styrkar opp frå Fossen for å gå over Klavefjellet mot Stordalen. 12-14 norske soldatar med Johannes Kålås frå Hjelmås som lagførar, stogga fienden i halvannan time. Det var nok til at Bjørn West-styrkane kom i stilling tvers over heile Klavefjellet. Frontlinja gjekk i ein boge, mest som ein sekk. Og tyskarane hamna i sekken. Mellom 150 og 200 tyskarar kom opp frå Fossegarden, og like mange frå Fossevatnet. Det var dei nordmennene først kom i strid med. Nordmennene opna eld då tyskarane nådde nord for vatnet på Klavefjellet. 

Nordmennene hadde rikeleg med ammunisjon etter flyslepp natta før, og låg i gode stillingar. Tyskarane hadde store problem med å skjøna kvar elden kom frå. Nordmennene synte stor krigskunst, og klokka 18.00 måtte tyskarane trekkja seg attende med store tap. 

Bjørn West-folka fekk melding frå London om at krigen snart gjekk mot slutten, og fekk ordre om å bryta all kontakt med tyskarane. 

I Stordalen hadde det vore strid laurdag 28. april 1945. Tyskarane fanga to norske ordonansar som var på veg frå Kringlebotn til Stordalen. Ein tredje ordonans, Arne Lampe frå Fana vart skoten av dei same tyskarane då han var på veg frå Stordalen til Kringlebotn. 

I Stordalen kom dei same tyskarane over nokre nordmenn som la opp telefonliner langs sørsida av Stordalsvatnet. Ein av nordmennene, Henning Wernøe frå Bergen, fall i trefningane som følgde. Ein norsk offiserpatrulje gjekk til motåtak, skaut 3 tyskarar, og befridde dei to norske fangane. 

Den gamle fjellmannen Torgeir Stordal let livet 4. mai 1945. 76 år gamal vann han ikkje følgja med då Stordalen vart evakuert. 

Han vart att på garden der han hadde levd heile livet sitt. Tilliks med osingen Sigurd Johannessen som vart såra, gøymde han seg i urane i området. Etter eit døger torde Torgeir seg ned til husa sine. Der kom fienden over han, skaut han og brende han inne saman med resten av husa i Stordalen. 

  • Masfjorden Sogelag har satt opp gule skilt i Matrefjella med forteljingar om hendingane. Dette viser kor Arne Lampe vart felt.
    1/2
    Masfjorden Sogelag har satt opp skilt i Matrefjella som fortel om hendingane. Dette viser kor Arne Lampe vart felt. I traseen for Bjørn West-marsjen. Arnold Matre
  • Masfjorden Sogelag har satt opp skilt i Matrefjella som fortel om hendingane. Dette viser kor Henning Wærnø vart felt.
    2/2
    Masfjorden Sogelag har satt opp skilt i Matrefjella som fortel om hendingane. Dette viser kor Henning Wærnø vart felt i Stordalslia. Arnold Matre
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2