Hopp til hovedinnhold

Ta ein tur til Bjørn West Museet i Matre

På Bjørn West Museet kjem du tett på historia om den dramatiske motstandskampen i Matrefjella. Dette var ei av dei siste krigshendingane i Europa under andre verdskrigen.

  • Tre elevar kikkar rundt i huset til Bjørn West Museet
    Elevar inne i huset i Bjørn West Museet Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest

Bli Med Inn

Bjørn West Museet har namnet sitt etter den norske motstandsgruppa som heldt til i Matrefjella dei siste seks månadene av andre verdskrigen. Museet fortel historia om dei 259 soldatane, også kalla «dei kvite englane», som på kort tid bygde opp ein slagkraftig militærbase.

  • Utstilling i Monter av utstyr til motstandsfolka
    Utstilling i Monter av utstyr til motstandsfolka Siri Giil Rolland / Stiftelsen Museum Vest

Historia om dei kvite englane

Etableringa av basen var eit farleg vågespel. I luftlinje låg han berre 50-60 km frå Bergen. Tyskarane måtte haldast uvitande så lenge som mogeleg, og heller ikkje sivilbefolkninga måtte vita om basen.

Utan aktiv støtte og hjelp frå sjølvoppofrande kontaktpersonar i bygdene rundt, ville det ikkje vore mogleg for Bjørn West-organisasjonen å etablere seg her.

På museet finn du ei større samling av våpen, utstyr og personlege effektar som høyrde til Bjørn West-soldatane og dei lokale kontaktpersonane i bygdene kring basen. Gjennom bilete, tekst og film får du innsikt i dei tøffe forholda soldatane levde under. Dei måtte tåla både brutale snøstormar, bitande kulde og matmangel. Utfordringane dei møtte saman styrkte kampmoralen og kameratskapet.

  • Huset til Bjørn West museet
    Huset til Bjørn West museet Siri Giil Rolland / Stiftelsen Bjørn West

Dette tilrår vi

Ting guide med på tur frå Matre til Stordalen Fjellstove, der Bjørn West hadde sitt hovudkvarter. Du kan også kjøre turen i eigen bil. Her står ein bauta over dei seks falne Bjørn West-soldatane og eigaren av fjellstova, Torgeir Stordalen. 

Du bør også sjå den 15 minutt lange filmen som skildrar kvardagslivet for Bjørn West-soldatane, satt saman av autentiske bilete og tidsvitne sine forteljingar. Filmen kan du sjå på museet.

Masfjorden er óg eit eldorado for naturopplevingar. Her finn du flotte turar frå skjergarden i ytre Masfjorden til ville fjell og dalar aust for Matre. På museet kan du kjøpa turkart med lokal informasjon. Opplev storslagen natur i Bjørn West-soldatane sine fotspor. 

Nest siste søndag i august – kvart år, kan du også delta på Bjørn West-Marsjen til minne om motstandsgruppa Bjørn West. Meir informasjon finn du på Facebook.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2