Hopp til hovedinnhold

Tur 1 - Matre rundt

Matre har ein spanande historie knytt til naturressursane som har sitt utspring frå Matrefjella og innover i Stølsheimen. På ein lett spasertur kring på Matre kan du m.a. oppleva:

  • Spanande geologi og isavsmeltingshistorie (terrassar, morenar, elveflatar m.m.)​
  • Flott kulturlandskap med bakkemurar, steingardar, beitelandskap og ulike beitande husdyr.
  • Gamalt kaimiljø med gamle Matre Hotel (frå ca 1914).
    Bygget er den gamle «kjøpmannsstuen» som stod på Bryggen i Bergen fram til moderniseringa til mursteinsbygg kring 1910.
  • Strandpromenade med gapahuk.
    Her kan ein grilla medbrakt grillmat. Liten badestrand.
  • Rester etter den tyske okkupasjonsstyrken
    Okkupasjonsstyrken heldt til på Matre frå hausten 1942 og fram til freden i mai 1945. På Matre var det over 200 russiske krigsfangar som arbeidde som slavar i sandtaket. Storparten av sanden til utbåtbunkersen «Bruno» på Laksevåg, kjem frå Matre.
  • Havforskingsinstituttet – avansert forskingsstasjon innan laks og aure.
  • BKK Matre – produserer 25 % av Bergen sin trong for straum. 


    • Du treng ikkje bil – lett tur – tidsbruk er valfritt frå 20 min – 1 time. 
    • Oversikt over Matre og Matrefjorden. Utsikt frå Litlefjellet.
      1/1
      Matre og Matrefjorden sett frå fjella bak. Arnold Matre
    Museum24:Portal - 2024.05.06
    Grunnstilsett-versjon: 2