Hopp til hovedinnhold

Tur 2 - Stegane eller Kringlebotsstigen

Like før fv. 381 byrjar å svinga seg dramatisk opp frå Matresdalen til Fossen (Stordalsvegen) kan du oppleva unik ingeniørkunst og samstundes få testa kor sterk du er i «høgda»!

Her startar den gamle ferdslevegen til den einbølte fjellgarden Kringlebotn. Dersom du ser godt etter, vil du brått sjå trappetrinn på trappetrinn – stein på stein loddrett opp den stupbratte fjellhammaren – Stegane.
Her gjekk bøndene i Kringlebotn opp og ned med varar – anten for å selja eigenproduserte varer eller naudsynte ingrediensar dei ikkje produserte sjølve.

I april og mai 1945 nytta motstandsgruppa Bjørn West Kringlebotn fjellgard som treningsleir og rekruttskule. 28 og 29 april 1945 vart Kringlebotn angripen av tyske styrkar. Tre Bjørn West-soldatar og like mange tyskarar vart drepen her. Tyskarane nytta vegen opp og ned Stegane kvar dag under kamphandlingane.

5 minutt i bil eller 20+ min på sykkel frå BW – museet.  Tidsbruk:  25 – 50 min til toppen (ein veg) alt etter form, alder og «styrke i høgda».

  • Eit par er på veg opp dei bratte trappane på Stegane
    1/1
    På tur opp Stegane Arnold Matre
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2